The Brørs kontakt:  Sigurd Brørs / 416 86 036 / sigurd@broers.noLast ned Pappapop pressefoto her
thebrorslogo-gul

Pappapop-butikk

Kontakt og pressefoto

Ta kontakt for booking, forespørsel om intervju etc:

TELEFON
+47 416 86 036

E-POST
sigurd@broers.no

POST
The Brørs v/ Sigurd Brørs
Bynesvegen 4a
7018 Trondheim

PRESSEFOTO
Alle foto på sida er tekne av fotograf
Nils Kristian Thompson Eikeland!
Her kan du sjå fleire og laste ned alle i høg oppløysing
Hugs å kreditere Nils!

Om The Brørs og Pappapop

På tampen av 2016 vart Sigurd Brørs far for første gong, og denne store livsomveltinga utløyste ein kreativ formtopp den følgande vinteren og våren. ­Alle dei 11 tekstane på plata «Pappapop» handlar om ­fødsel, ­familie og den sylferske papparolla. Med like delar feiring, skråblikk og eigenterapi vil plata fenge både fedre, mødre, beibiar og andre musikkfrelste.

Les alle tekstane her!

Tittelsongen «Pappapop» er første singel, og hyllar det å gå rundt i heimen med ein beibi i armkroken og synge for den ­vesle. For Sigurd sin del vart kjernereportoaret i ­desse songstundene utvida kvar gong dottera responderte positivt, og snart bestod det av ein herleg miks: Beatles, deLillos og The Bangles, side om side med «Ja vi elsker» og «Rosenborgsangen».

Høyr «Pappapop» her!

«Pappapop» poppa opp i hovudet til Sigurd etter ein slik gåtur, og er i seg sjølv ein shuffle i klassisk ­Beach Boys/Beatles-tradisjon. For Sigurd føltes det godt både å gi denne arven ­vidare til beibien, og å få begeistra respons tilbake. Dette var populær ­musikk, i bokstaveleg tyding, og pappa kunne ­tilfreds konstatere: Ja da, mamma kan pupp. Men pappa kan pop!

«Pappapop» er produsert av Karl Klaseie og ­Sigurd Brørs. I tillegg til Sigurd på vokal og gitar spelar Oddbjørn Sponås ­trommer, Jørgen Wassvik spelar bass, Brage Kristian Einum spelar tangentar, Martin Vognild Einum spelar munnspel og Emil ­Emilson Holmes­land trakterer trompet.

Runaug, Sigurd og Bynesvegen 4a. Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland

Abonner på The Brørsletter

Vil du halda deg oppdatert om musikkutgjevingnar, konsertar og andre aktivitetar? Meld deg på nyheitsbrevet «The Brørsletter»!

Ja takk, send «The Brørsletter» til meg!

The Brørs – sesong 1

I 2016 gav The Brørs ut dei 13 singlane/episodane som utgjorde «The Brørs – sesong 1». Første episode, ein song om kvifor Sigurd begynte å synge på norsk pga. faren Styrkår si masing opp gjennom åra, vart lansert på 82-årsdagen til faren. Sjå alle episodane her!