pappapoptekstar

Hallo! Ny person!

Vi må ringje til VG, vi har litt av eit scoop.
Vi har tidenes tusentips, dette er breaking news.

Send ein fyr ifrå Dagsrevyen med eit kamerateam.
National Geographic har rydda framsida si.
Tonight at CNN we’re happy to present some new Norwegian news.

REF:
Hallo! Vi har produsert ein ny person! For ein biologisk sensasjon!
Halve meg og halve deg har frontkollidert og konsolidert i hop
til ein nydeleg og ny person. Det er ho som vil bli stjerna no.
Vi skal sørge for at ho får hovudrolla i The Brørs sesong 2.

Vi har vore til ultralyd, der såg vi at det var sant.
Ho flimra inn på radaren, ein bitteliten gigant.
Ho såg som ein satelittvideo av ein heftig storm
– berre at stormen var godvêr og hadde menneskeform,
og forma hadde ein fot med fem perfekte tær som vifta mot meg. 1-2-3-4-5!

REF:
Hallo! Vi har produsert ein ny person! For ein biologisk sensasjon!
Halve meg og halve deg har frontkollidert og konsolidert i hop
til ein nydeleg og ny person. Det er ho som vil bli stjerna no.
Vi skal sørge for at ho får hovudrolla i The Brørs sesong 2.

Ok, så er ikkje eg og du dei første i verda som opplever dette her,
men det er like sprøtt for det! Så vi må ringje til VG:

Hallo? Er det tusentipset? Dette her er Sigurd Brørs som ringjer, frå The Brørs. Neida, eg treng ikkje vera anonym. Eg vil berre tipse dykk om at kjærasten min og eg vi opplever noko utruleg rart og nytt og sprøtt og sensasjonelt akkurat no!

REF:
Vi har produsert ein ny person! For ein biologisk sensasjon!
Halve meg og halve deg har frontkollidert og konsolidert i hop
til ein nydeleg og ny person. Det er ho som vil bli stjerna no.
Vi skal sørge for at ho får hovudrolla i The Brørs sesong 2.

Litt fækts om verda.

Du er ikkje femti centi lang. Du er berre tretusennokonhundre gram.
Du er ikkje stor, men du har eit namn, og det er Runaug.
Og no skal du komme deg ut til oss, plutseleg få plenty meir med plass,
så no vil eg syngje ein song om verda for deg.

I begynnelsen blir leilegheita nok, femte-etasje i ei femtitals-blokk,
og her kan vi fise og spela rock og krype på golvet.
Du får eiga seng og stellebord, bleietid med far og mjølk frå mor,
og frå heile slekta får du nystrikka klede.

Vi skal bera på deg rundt kontoret og stua, vise deg kor kjøkkenskåpet står.
Går vi ut på verandaen, ser vi hus og vegar. Til saman blir alt til ein by.

Byar er det motsette av natur, men båe to er bra for å gå tur.
Byen er mykje mindre enn du trur og heiter Trondheim.
Av og til er byar berre bråk, men det er ein praktisk plass å jobbe,
og om du blir glad i å sjå folk, så finn du det.

Slike byar dei er ein del av landet Norge. Vi lever av olje og av torsk.
Og der Norge tek slutt der finst det flust av andre land der folk ikkje er norske,
så om dei skulle ha sunge for deg, ville det ha vorte til ein heilt annan song.

Du er ikkje femti centi lang. Du er berre tretusennokonhundre gram.
Du er ikkje stor, men du har eit namn, og det er Runaug.
Og no skal du komme deg ut til oss, plutseleg få plenty meir med plass,
så no har du fått litt fækts om verda frå meg.

Vi blir ein klan.

Vi for ut og var travle, vi kom tilbake og var trege. Hei-suddelida!
Vi for ut med ein mage, vi kom tilbake med ein bag. Hei-suddelida!

Så bra at ungar ikkje kjem med stork, men kjører Passat.

REF:
Ja, vi for ut som eit par og kom tilbake som ein trio,
og heile tida trudde vi vi måtte forberede oss grundig.
Men å vera mor og far og vita kva det er vi kan gi ho,
går stort sett på instinktet, så no kan vi berre kline til
og bli ein klan – mamma/pappa/barn.

Vi for ut med eit teppe og kom tilbake med ein bylt. Hei-suddelida!
Vi for ut med eit alvor og kom tilbake med eit nytt. Hei-suddelida!

Hurra for Norges beste jordmor som hadde vakt akkurat da.

REF:
Da vi for ut som eit par og kom tilbake som ein trio,
og heile tida trudde vi vi måtte forberede oss grundig.
Men no har vi fått nokon svar, og vi veit kva det er vi kan gi ho.
Vi gjer det på instinktet, så no kan vi berre kline til
og bli ein klan – mamma/pappa/barn.

Vi for ut: To gamle ego. Vi kom tilbake: Ei heilt ny slekt.

REF:
Ja, vi for ut som eit par og kom tilbake som ein trio,
ein minimumsfamilie som vi har laga til med vilje,
og no er vi mor og far – hei-suddelida!
Vi stolar på instinktet. No vil vi berre kline til.
Vi blir ein klan – mamma/pappa/barn.

Puppoholiker.

No er det jul og eit barn er født i Betlehem.
Korrigering: Du er nettopp født i Trøndelagen.
Og sjølv om du er beibi og bittelita,
er det du som får oss blanda bort i narkotika.

REF:
Pupp pupp pupp er det einaste som dug.
Pupp pupp pupp, det er noko til sug.
Det går i pupp pupp pupp fireogtjue-sju.
Slik er familielivet med ein puppoholiker.

Du er så søt når du er i det der humøret.
Det er happy hour til du er tilbake på kjøret.
Du går frå drømmedame til dramaqueen,
takk og lov at ho som pushar pupp er mammaen din.

(REF)

No går alarmen igjen, folk hører ljomen
ifrå Ila og til innerst inn i Nidarosdomen.
Er det noko verre enn vannkoppar og influensa?
Ja – ein deppa puppoholiker med abstinensar.

REF:
Pupp pupp pupp er det einaste som dug.
Pupp pupp pupp, det er noko til sug.
Det går i pupp pupp pupp fireogtjue-sju.
To mugger med mjølk er alt du ønskar deg til jul.
Pupp er det einaste som dug.
Pupp pupp pupp, det er noko til sug.
Det går i pupp pupp pupp fireogtjue-sju.
Slik er familielivet med ein puppoholiker.

Pappablues.

Ja, eg gjorde ein feil. Eg spurte: «Kan det vente?»
Du sa berre: «Nei». Eg spurte: «Kvifor det?»

Spørsmål 1: Ein glipp. Spørsmål 2: Ein krig.
Det kom ikkje noko svar. Du grein.

Du spurte: «Kan du hjelpe»? Eg spurte: «Kan det vente?»Du sa berre: «Nei». Eg sa: «Eitt sekund».
Slike små ting: Du gav meg eitt sekund.
Men så tok eg eitt sekund til.

Det er eit spel. Det er sjakk. Eg må halde meg klar og så:
Handle raskt, men rasjonelt. Eg er ikkje god på det.

Beibien sa: «Buhu». Du spurte: «Kan du hjelpe?»
Eg spurte: «Kan det vente?» Du sa berre: «Nei».
Eg sa: «Eitt sekund», og etter eitt sekund
så gjekk eg og gav hjelp til deg.

Det er ikkje sjakk eller noko anna spel. Det er ikkje trekka mine mot dine.
Eg kjempar berre mot meg sjølv, og eg blir betre på det.

Beibien begynner: «Bu». Du seier: «Den tek du».
Eg seier berre: «Ja», og du og ho blir glade.
Det kjem ikkje nokon vræl. Eg gjer ikkje noko feil,
så set pappablues på pause her.

Pappapop.

Beibi, vi går rundt i leilegheita vår, og vi feirar miraklet (som er deg) med deileg pophistorie.
Beatles, deLillos og The Bangles, vi nynnar på norsk og engelsk
og bittelitt svensk, for barn skal byggast ut av glede.
Vi gjer det vi kan for at du skal vekse opp: Mamma gir pupp! Pappa gir pop!

REF:
Ba-ba-bappa – popmusikk med pappa! Vi begynner med Beatles, trappar opp med ABBA,
travar rundt kåken med melodien i kroppen min og kroppen din.

«Ja vi elsker» er ein godlåt, ein poplåt av Bjørnson/Nordraak,
ein favoritt-hit i lag med «Rosenborgsongen»
Hei og hå, «We are the Champions» and you’re so «Pale and Precious», verdas yngste fan av The Dukes of Stratosphear
Vi gjer det vi kan for at du skal vekse opp: Mamma kan pupp! Pappa kan pop! (og vi syng)

REF:
Ba-ba-bappa – popmusikk med pappa! Vi begynner med Beatles, trappar opp med ABBA.
Når songen er ein lang ein, går vi heile gangen. Nederst der finn du vårt Waterloo.

Waterloo – vi slepp ikkje unna må du tru. Waterloo – vi ender vel opp ved Waterloo.
Wæwwæwwæwwæw – eg og du (a-haaaa) vi går rundt i vårt eige hus (a-haaaa)
og nyt vårt eige popjubelbrus (a-haaaa)! Eit liv i fryd, eit liv utan blues.
Du veks og du veks og ein dag må det stoppe med puppen til mamma, men aldri med pop (levva livet med)

REF:
Ba-ba-bappa – popmusikk med pappa! Vi begynner med Beatles, trappar opp med ABBA,
travar rundt kåken med melodien i kroppen min og kroppen din.
Ba-ba-bappa – popmusikk med pappa! Og kanskje går vi vidare til pønken og rocken,
pogar rundt kåken, headbangar med smokken og spelar luftgitar.
Ba-ba-bappa – popmusikk med pappa! Når du lagar lyd, blir mamma med og klappar,
dansar rundt i kåken med poppen i kroppen min og kroppen din.

Dansar rundt i kåken med poppen i kroppen, dansar rundt i kåken med poppen i kroppen, dansar rundt i kåken med poppen i kroppen, dansar rundt med pappapop i kroppen min og kroppen din, vår Dancing Queen!

Femogtjue timar pr. dag.

Kjære Gud: Eg har ei bønn til deg.

Gi meg ein meir time pr. dag. Fireogtjue var neppe ein endeleg plan?
Jada, Adam og Eva var glade, men det var ganske bedageleg der dei var.
Gi meg ein meir time pr. dag. Gi meg ein sjanse, eg lovar at eg skal ta han.
Skal ikkje sige ned i sofaen og glane, men bli eit enda knallhardare arbeidsjarn.

REF:
Ja, eg ber kjære Gud om femogtjue timar om dagen.
Får eg «ja», vil eg bruke all tida så godt det går an.

Du veit eg er på jobb fram til fem,
eg lagar mat og ryddar vekk når eg kjem heim.
Så er det pappatid til ni, da får eg nokre timar fri,
men ofte blir eg altfor sein. Snart er det morgonstell og på’n igjen.

REF:
Så eg ber kjære Gud om femogtjue timar om dagen.
Får eg «ja», vil eg bruke all tida så godt det går an.
Ja, eg tryglar til Gud om enda ein time pr. dag.
Får eg «ja», vil eg bruke den timen så godt det går

Ana eg korleis det skulle bli med barn? Ånei, eg var naiv.

Så berre gi meg det eg vil ha! Du kan vel låne nokre år ifrå evigheita?
Tid er pengar – men eg skal betale. Gi meg litt mindre tid i dødens dal.
Så legg du til ein time pr. dag, for det blir så lite tid med eit lite barn.
Berre det å gi ho banan tek tjue minutt, eller ti om eg gir litt faen.

REF:
Sorry Gud, e veit du ikkje kan fordra at eg seier «faen»,
men gi du meg det eg vil ha, seier eg «herregud så bra!» og «takk» og «amen» i staden.
Kjære deg, berre gi meg enda ein time pr. dag,
berre gi meg litt fri, lån tid ifrå evigheita.

Det var bønna mi Gud, please gi meg eit utvida døgn,
for no sit eg og brukar timen frå tolv til eitt og skriv
og snart så må eg sjå å få meg seks-sju timar søvn.

Livet minutt for minutt.

Det er ein dag vi er på tur, eg går og trillar deg i vogn.
Det er behageleg, eg trur eg kunne ha trilla heilt til Skogn.
For når du begynner luren din, blir skallen min så tom,
og da trillar det inn ei tromme.
Pluss bass.

Når du er vaken, fyk barometret mellom eufori og slit.
Det er så magisk når du skrattar og så tragisk når du skrik.
Og sekunda går sakte, men vekene går fort,
for eit liv er så langt og så kort.

REF:
Og det er så rart at det kan skje, og det er så rart at du fins til,
og det er så rart at det var meg som gav liv til deg.

Eg har fått føle på fleire æraer der andre laga liv.
Først var det dei eg gjekk på skule med, og dei som gjekk på ski.
Så kom dei eg spela i band med og felles for dei var: Før eller sidan kom tida for barn.

Og det er mange av dei eg kunne ha vorte venn med livet ut,
men som eg slutta å besøke da det kom ei jente eller ein gut.
Eg såg dei var forandra, men ikkje kvifor det var slik. Når du har kun deg sjølv, blir du kjip.

REF:
Men det er så rart at det kan skje, og no har eg sjølv fått føle på det,
og det er så kult at du kom til, og at du er deg.

Dei seier seriar på TV er no så gode som det går an,
at dei er lange og går så sakte som ein Knausgård-roman.
Men sjølv ser eg ein serie som rullar uavbrutt,
der det manglar både manus og ein mann som ropar «kutt!»,
men der hovudkarakterane blir fornya jamnt og trutt. Det er «Livet minutt for minutt»

REF:
Og det er så rart at det kan skje, og det er så rart at du fins til,
og det er så rart at det var meg som gav liv.
Ja, det er så rart at det kan skje, og no har eg sjølv fått føle på det,
og det er så kult at du kom til, og at du er deg.

Takk kjære mamma.

Takk kjære mamma, du fann meg på stranda, strødd ut litt her og litt der.
Takk kjære mamma, du samla meg sammen og sette meg i hop litt betre.
Takk for at trua di var god, takk for at du såg vi var to
som matcha så godt at vi ville slå liva i hop.

Takk kjære mamma: Det treet vi planta, bestemte vi skulle få gro.
Takk for at du ikkje tvila da Ila var heimen der eg òg ville bu.
Takk for at du hadde stil og smak, takk for at du hadde golv og tak.
Du mangla ein vegg, men den veggen vart det eg som stod bak.

Mamma, vi kunne ha landa på sida av gjerdet der barn ikkje finst,
for flammen vår flamma så fint utan brannar, vi er ikkje dramaqueens.
Og vi kunne gjort noko anna, du måtte ikkje bli mamma, og eg var ikkje klar for kids.

Men takk kjære mamma, no står du i gangen og gir meg eit kyss når eg fer
på arbeid kvar morgon, medan du passar borga og barnet og alt som skjer.
Du kosar og ammar, du mosar ein banan, du trøstar og tørkar opp gulp.
Så går du på nettet og googlar det der utslettet, medan eg finn prisen på pulk.
Takk for at vi to dreg i lag, og difor er vi tre i dag.
I hop hadde vi motet og lysta til å laga eit barn.

Mamma, det hender nok enno eg skammar meg: Eg er ikkje bra nok for deg.
Da tek eg meg sammen og syng, kjære mamma, ein song om kor takknemleg eg er,
for du gir meg tru håp, kjærlegheit, du gir meg ro og ærlegheit,
og akkurat no gir du mat til den finaste eg veit.

Takk for at vi var like kloke og klarte å sjå at vi var to
som matcha så godt at vi måtte slå slektene i hop.

Parat & klar til bruk.  

Du var den tidlegaste julegaven eg fekk i fjor. Finst det nokon finare julegave å få her på jord?
Du er eit minimenneske med megabehov, men eg er parat til å dekkje dei i lag med ho mor.

Du kan ikkje gå og det vil nok enno ta ei stund, men eg er parat til å bera deg til du vil begynne.
Du et ikkje mat slik vi andre gjer med gaffel og kniv, men eg er parat til å tolerere litt griseri.

Og når du ikkje et, når kvar bit blir eit slit,
gjer eg alt det du vil, for eg er altfor snill.

Eg er parat som heisekran og servitør. Eg er parat som yogamatte og taxisjåfør.
Eg er parat som diskjockey og pausefisk, og eg er parat som kosedyr og vaktmester.

Og når du ikkje søv klokka to, vil eg prøve
å få roa deg ned med litt kos og eit stev.

Da du åla deg ut, vart eg mjuk,
og så var eg klar til bruk.

Pa-pa-parat, pa-pa-parat
Pa-pa-parat, pa-pa-parat

Og eg er forberedt på tøffe prøvelsar, for eg har funne ut at det finst følelsar som ikkje er lyse og lette av fine pappahåp, men fulle av pappagrubleri og pappagråt.
Og eg blir redd og svett og temmeleg deprimert, når halve Dagsrevyen har vorte okkupert av allslags kjipe ting som skjer, dei blir dobbelt så skumle når du er her.
Er vi parate?

Pa-pa-parat, pa-pa-parat
Pa-pa-parat, pa-pa-parat, ja: Eg er klar!

Eg er parat til å bera deg til du begynner gå, og eg er parat til å gi deg mat til du begynner ta.
Eg er parat til å lære deg å kle på ei strømpe, og når du kan prate vil eg lære deg om Putin og Trump.
Eg er parat som heisekran og servitør, og eg er parat som yogamatte og taxisjåfør.
Eg er parat som diskjockey og pausefisk, og eg er parat som kosedyr og vaktmester.
I tillegg til juletre, pinsevenn, påskeegg, klatrevegg, badeand, ombudsmann, skumbanan.
Pa-pa-parat, pa-pa-parat               

Og no er songen slutt. Skal vi ta ein tørn?
Eg står parat med bobledress og Baby-Bjørn.

Du er så pen.

Du er så pen når du et brød. Du er så pen når du tek eit bad.
Du er så pen når du får ta på nasane våre.
Du er så pen når du er blid. Du er så pen når du blir ivrig
og fortel om ting på feilfritt beibimål.
Ja, du er pen når du er glad, men òg når du er sur og sta,
for slik ei penheit ho vil trengje gjennom stål.

REF:
Du er så pen at kvalpar og lam blir sjalu.
Du er så pen at verda har for evig vorte eit penare sted når du er her.

Du er så pen, du er uimotståeleg.

Du er så pen når du er sær og gjer dei der grimasene berre du gjer.
No er det myse-fnyse-fnisinga som er in.
Du er så pen når du ser på meg som om du skjønnar alvoret,
skjønar ansvaret som ligg på pappaen din.
Ja, du er så pen. Det er så sprøtt
at du har funne på å bli født
av slike middels pene menneske som meg og mammaen din

REF:
Du er så pen, vi veit ikkje kva vi skal tru:
Er du eit vesen med våre gen, eller er du eigentleg ein alien frå planeten Pen?

For du er heilt ubegripeleg, utenomjordisk pen.
Du er så pen at eg har fått varige mén.