S1E12: Uavhengig, utan tvil

Eg likar Rilo Kiley godt. Eg høyrer ganske ofte på platene eg har. «More Adventurous»*, og så er det den med ei teikning av eit bekymra ansikt på coveret**. Eg likar gitarane, og alle arra i sjelene i songane. Det er ein stad eg kjenner meg heime, så derfor ventar eg spent på den nye CDen deira.

Eg likar «uavhengig musikk» godt. Men eg har ikkje vore bevisst på kva som er uavhengig og ikkje. Er ein ting «uavhengig» nok, når humøret til kvar ein indiekid er avhengig av tingen? Eg likar gitarane, og alle arra i sjelene i songane, og det er derfor eg ventar spent på den nye CDen til Rilo Kiley.

Men han overraskar meg, dette er ikkje «uavhengig», og eg innser akkurat kva eg likar: Det er uavhengig musikk, utan tvil.

Så eg prøvde å finne ut av det: Akkurat kva tiltrekkjer meg ved det uavhengige? Å «bli uavhengig» er det du gjer når du veks opp, men er eg fullt ut vaksen? Tilbake til Rilo Kiley: «Under The Blacklight»*** følest moden, og det gjer meg sikker: Ein uavhengig er ein midt-imellom-person.

Stor overraskelse: Eg er uavhengig når eg innser at eg kan dø som ein indie-kid. Som ein nitti år gammel tenåring, for alltid fastfrosen i spennet mellom gut og mann.

Men som uavhengig, utan tvil.

– – –

* More Adventurous, Brute/Beaute Records, 2004
** The Execution of All Things, Saddle Creek Records, 2002
*** Under The Blacklight, Warner Bros. Records, 2007

1 reply

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *