S1E7: Kloning

Gud laga mennesket, og likte si eiga løysing. Og løysinga var god, den – men ver klar over at det var ein prototype. For EG er det endelege resultatet av evolusjon. Ikkje prøv å så tvil om det, du gjer lurt i å tru på skrytet mitt: Eit høgare nivå, mine herrar, som de alle kan komme opp på – akkurat som meg.

Kloning! Klink til meg med ein stein, putt meg i ei kopimaskin og gjer suksess. Kloning! Grav inn i beinmargen min, mangfaldiggjer DNAet mitt.

I ei forderva verd som hungrar etter perfeksjon, er det temmeleg sløvt å gje slepp på gullet vi alt har funne. All genforsking og rotter og dyreforsøk er unyttig for framtida – det er ikkje eg! Kvifor prøve å løyse alle problem? Rydd dei unna i staden! Skriv ut hovudet mitt!! Kloning! Eg er ikkje åleine lenger med ein liten kloning.

Eg er den einaste som er min eigen son. Men det eg spør etter, er littegrann meir – å vera meg sjølv så mykje som muleg: Min eigen talkshowvert! Min eigen PT! Min eigen Snåsamann! Galileo – min eigen store oppdagar! Casanova – min eigen hemmelege elskar! Mussolini – min eigen diktator! Schwarzenegger – min eigen Terminator! Min eigen kloning … Min eigen … fiende …

Eg er ikkje åleine med kloningen min.

*

S1E8: Kjære fru Natur

Fru Natur, eg vart fødd så seint som i går. Alt eg er oppteken av er å eta, le og vinke. Eg er berre ein baby. Det store brystet ditt er fullt av mjølk. Brett til sides silkekledet ditt.

Fru Natur, du let meg kravle rundt i håret ditt. Du er så tålmodig, og du gir så moderleg av deg sjølv. Eg er framleis berre ein baby, men eg drikk så lenge det finst dråpar – har ikkje lært å stoppe.

Mjølk bygde kroppen min, stål bygde båten min. Det du ikkje kunne gi meg, stal eg frå kåpa di. Eg tømte lommene dine, og såg ikkje korleis du mørkna og vende ryggen til meg.

Fru Natur … prøvar du å riste meg av deg?! Eg smitta deg med influensa, no er eg ein brødsmule kvar gong du hostar. Eg var ein baby, men eg vaks opp for fort. Og no … driv du og testar meg for å finne ut kor mykje eg tåler?

Isåfall, kjære Fru Natur: I dag er føtene mine i ferd med å svikte. Ver så snill, ikkje blås meg vekk!

*

S1E11: The Biggest Bang-teorien

Ikkje leit etter unnfangelsen, historia hans har ingen start. Tid var ikkje oppfunne, han berre vaks ut av eit mørker. Ikkje forløyst av noko jordmor, eller frå noko livmor. Det finst ikkje det morsmålet som kan fortelle kva som skjedde før denne ungen kom til verda med eit brak.

Kva det enn var som vart soge inn i atmosfæren hans først – materien må ha smelta ned til enkle enkeltord. Desse orda slo seg saman til følelsar, og følelsane la ein Plan. Eliminer følelsane frå likninga, og Planen vart til Mannen.

Eit liv oppstod. Eitt stort smell. Her er ein mann som påstår at han at har kommandoen.

Han lever inni ein spegel, så han ser ikkje seg sjølv. Avataren hans er ei stjerne, men alt han strålar ut er skam. Vi leitar etter vrangforestillingar, men dei let seg ikkje summere i ein fasit. Ingen Gud og ingen komité veit kva det var som skjedde, som førte til at ungen kom til verda med eit brak.

Eit liv oppstod. Eitt stort smell. Éin liten mann, fanga i ein større plan.

Livet hans tok til. Her er mannen. Det Største Smellet, og han hadde kommandoen. No er han Universet, han saug til seg det som er.

Men det er alt han fekk.

*